Ver stille for Herren
og vent med lengsel på han!

Salme 37. 7


Ver stille.

Ver stille for Jesus,
ver stille for vår Gud.
Han er i det Ordet
som vender tvil til tru.
Der rekkjer han mot oss
ei naglemerka hand,
og viser si frelse
ved soninga av han.

 Ver stille for Jesus,
han som forstår vår veg.
Han kjenner kvar tanke,
ja, alt det dagen krev.
No rekkjer han mot oss
ei naglemerka hand
og seier at vegen
er prøva før, av han.

Ver stille for Jesus,
i lengting utan svar.
Hans Ande er visdom
i Ordet som vi har.
Han rekkjer imot oss
ei naglemerka hand
og leier oss heilt til
vi ser eit verk av han.

Ver stille for Jesus,
syng takkesong til Gud.
Han er i vår bøn
og han kjem og løyser ut.
No rekkjer vi mot han
vår hjelpelause hand.
Han elskar oss høgt,
difor ventar vi på han.

Kristin Reitan
2016


Skrevet til Reidun som feiret 
65-årsdagen sin med retreat
på Åkerlehaugen 
 21.mai 2016.




Salme 37.5: 

Velt din vei 
 over på Herren og stol 
 på ham!

Han
skal gjøre det.




| Svar

Nyeste kommentarer

24.10 | 09:14

Jeg liker salmen «Kvite klede».

15.08 | 04:11

Denne traff meg, Kristin.
Sterk og god tekst, nyydelig melodi.

18.08 | 23:11

Takk! Så kjekt å høre fra deg, fra tiden på Fjellhaug. Vi snakkes i meldinger vi.

24.02 | 23:09

Husker du meg, Kristin? Trondheim/Betania. Fjellhaug studentlinjen 78/79.