Jesu bøn:

"Og den herlegdomen
du har gjeve meg,

har eg gjeve dei,
så dei skal vera eitt,
liksom vi er eitt."



Eitt i Kristus

1

Eitt i Kristus, eitt i Gud
og eitt som Jesu brud.
Eitt i Jesu nåderøyst 
og i hans milde trøyst.

2

Eitt i kjærleik og Guds fred
og eitt i alt han gjev.
Eitt i gåva frå hans Son
og all hans herlegdom.


Eitt i tilgjeving og liv
og eitt i det han vil.
Eitt i sorg, i strid og tvil
og eitt med den som lid.

4

Eitt i tru og framtidsvon
og eitt i jubelsong.
Eitt i takk for alt vi får
ved naglemerka sår.


Kristin Reitan
mars 2016

M: Eilert Tøsse
mars 2016




Vi var nevnt i
Jesu bøn.

 
JESUS ba slik 
 til sin himmelske Far:
 

"Den herlegdomen
du har gjeve meg,

har eg gjeve dei,
så dei skal vera eitt,
liksom vi er eitt,

eg i dei
og du i meg,


så dei skal vera
fullkomeleg eitt,


så verda kan kjenna
 
at du 
 har sendt meg  
 og elska dei,

liksom 
 du har elska meg."


Joh 17.20-23.



Vi har fått 
 Jesu herlegdom.

Vi er eitt.

Vi får denne herlegdomen
ved krossen,

ved den tilgjeving
Jesus gjev. 


 Han har sona syndene
og vi står difor som skuldfrie
for Gud.


Han er i oss.
 
Han bur i oss ved sin Ande.

I meg, og i alle dei
som høyrer han til.

Slik er vi eitt med han 
og med kvarandre.

Meir eitt
kan vi ikkje bli.


* * * *


Bibelen seier
at vi er ein lekam,

og at denne lekamen
er Jesus.

Han er hovudet,

og vi er 
 hans lemer.

 Han er lekamen også.

Vi er altså hans lemer,
på han, som er lekamen.

Det er for stort
til å forstå.

  Vi er eitt med han.

Vi som er frelst er,
 utruleg nok,

ein del av
Jesu lekam. 


   * * * 


Vi er ikkje gudar,
vi er likevel
i han.


* * *


Om forholdet
mellom oss truande
 står det

at vi som slik er ein lekam

 er lemer 
for kvarandre.

Difor
får vi høyre:

"Elska kvarandre
inderleg,
og set dei andre høgare
enn dykk sjølve."

"Gled dykk
med dei glade

og gråt med dei 
som gret."


Frå Rom 12.


Kjærleiken mellom oss
kjem frå Jesus,

frå den Ande
han har aust ut i oss.

Jesus er i oss
ved sin Heilage Ande.

Hans kjærleik er i oss,
så sant vi er frelst. 
 
Vi får hans Ande
når han tilgjev vår skuld.

Hans Ande er fridom
og kjærleik.

Vi er frie til å leve
i hans gjerningar,

og bere hans frukt.

Ved hans soning
kan vi elske kvarandre
med hans kjærleik.

Vi kan ikkje produsere
denne kjærleiken.

Vi kan ikkje elske ved å høyre
bodet om å elske.

Vi får alt
 ved han som døde
for oss.

Så fattige er vi i oss sjølve,
og så rike er vi i Gud.


* * * * *


Men dersom vi kjem bort 
 frå Jesu nåde

ved å gå tilbake til
det som Gud ikkje vil

utan å gå til Jesus med dette
i oppgjer og omvending,
 
vert kjærleiken 
kald.

Det står at det
skal bli slik i dei siste tider,
like før han kjem att.

Men Jesus kallar på oss!

Han som har sigra
over den vonde,
 
vil gje oss alt på nytt
og ta oss inn att

til sin kross.

Samfunnet mellom dei truande
vil koma att.

Gleda over frelsa
og over kvarandre vil koma.

Jubel og frelsesfryd.

Kjærleik.



| Svar

Nyeste kommentarer

24.10 | 09:14

Jeg liker salmen «Kvite klede».

15.08 | 04:11

Denne traff meg, Kristin.
Sterk og god tekst, nyydelig melodi.

18.08 | 23:11

Takk! Så kjekt å høre fra deg, fra tiden på Fjellhaug. Vi snakkes i meldinger vi.

24.02 | 23:09

Husker du meg, Kristin? Trondheim/Betania. Fjellhaug studentlinjen 78/79.