Det er Herren



Det er Herren,
sjå han lever,
han stod opp 
og er hos oss.
Han dei spotta,
han dei bøygde,
han som einsam 
lei og døydde,
no er han den
levande
imellom oss.

2

Det er Herren, 
høyr han talar,
han stod opp
og han er her.
Han vil vere hos
den eine som i svik 
vart heilt åleine.
No er såra i hans 
frelsarhender 
her.

3.
   
  Det er Herren,
sjå, han ber oss
i si eiga
 opne famn.
Han var død,
men sjå, han lever,
kjem med trøyst
når hjarta strever.
Lekjedomen er i
  Jesu eiga namn. 


Tekst: Kristin Reitan
Musikk: E.Tøsse



David:

"Eg er arm og fattig,

og mitt hjarta
er såra i min barm.

... ... ...


 Eg har vorte
til spott for dei,

dei ser meg 
 og rister på hovudet.

Hjelp meg,
Herre min Gud!

Frels meg
etter di miskunn,

så dei må kjenna 
 at dette er 
di hand, 

at du, Herre,
har gjort det!

Dei forbannar,
men du velsignar.

Når dei reiser seg,
vert dei til skamme,

men din tenar 
 gleder seg.

Motstandarane
mine skal kle seg
 i vanære 

 og sveipa seg i si skam
som ei kappe.

Høgt vil eg prisa Herren
med min munn,

midt mellom dei mange
vil eg lova han.

For han står ved
høgre handa til den
fattige

for å frelsa han
frå dei som dømer 
 hans sjel."


Frå Salme 109
i Bibelen.




* * * 




"Han som ikkje sparte
sin eigen Son,
men gav han for oss 
alle,


korleis skulle han 
kunne anna 
enn å gje oss 
alle ting med han?

Kven vil klaga
Guds utvalde?

Gud er den som
rettferdiggjer.

Kven er den som 
fordømer?

Kristus er den
som er død;


ja, meir enn det:

som óg har stått opp, 
 som óg er 
ved Guds høgre hand,

som óg går 
i forbøn for 
oss.


Kven kan 
skilja oss frå 
Kristi kjærleik?


Naud eller angst,
eller forfølging
eller svolt,

å stå naken
eller i fare
 
eller framfor 
sverd?

Som det står skrive:

For di skuld 
blir vi drepne
dagen lang,

vi blir rekna
som slaktesauer.

Men i alt dette
vinn vi meir enn siger
ved han som elska oss.

For eg er viss på
at verken død eller liv,

verken englar eller krefter,
verken det som no er
eller det som koma skal,
eller noka makt,

verken det som er i det høge
eller i det djupe,

eller nokon annan skapning,

skal kunne skilja oss
frå Guds kjærleik
i Kristus Jesus, vår Herre."

Rom 8.



* * * 



"Eg elskar Herren,
for han høyrer mi røyst,
mine inderlege bøner.

For han har vendt 
øyra til meg,

og alle mine dagar 
vil eg kalla på han.

Dødsreipet 
hadde snørt seg
om meg,

og redslene
og dødsriket
hadde funne meg,

naud og sorg
fann eg.

Men eg kalla
på Herrens namn:

Å, Herre 
frels mi sjel!

Herren er nådig
og rettferdig,

vår Gud er miskunnsam.

Herren vernar 
dei einfaldige.

Eg var elendig,
og han frelste meg.

Kom til ro att, mi sjel!

For Herren
har gjort vel imot deg.

For du fridde mi sjel
frå døden,

mitt auga frå gråt,
min fot frå fall.

Eg skal ferdast
for Herrens åsyn
i landet åt dei levande."

Frå Salme 116.



* * *


"Å, om eg ikkje 
trudde at eg skulle få sjå
Herrens godhug 
i landet åt dei levande!

Venta på Herren!
Ver ved godt mot,
og lat ditt hjarta 
vera sterkt!

Ja, venta 
på Herren!"


Salme 27.

| Svar

Nyeste kommentarer

24.10 | 09:14

Jeg liker salmen «Kvite klede».

15.08 | 04:11

Denne traff meg, Kristin.
Sterk og god tekst, nyydelig melodi.

18.08 | 23:11

Takk! Så kjekt å høre fra deg, fra tiden på Fjellhaug. Vi snakkes i meldinger vi.

24.02 | 23:09

Husker du meg, Kristin? Trondheim/Betania. Fjellhaug studentlinjen 78/79.