To hender i kvarandre


To hender i kvarandre,
to andlet i Guds hus.
Vi står for Herrens åsyn
som brudgom og som brud.
I kjærleik vil vi leve,
i kjærleik er vi eitt.
Og i Guds andlets lys og glans
er bøna som vi bed
om di signing og din fred.

To tankar mot kvarandre
og augo vendt mot Gud.
Vi står for jord og himmel
og seier ord med fryd.
I kjærleik vil vi svare,
i kjærleik er vårt ja.
Og i Guds andlets glød og brann
er bøna som vi bed,
om din kjærleik og din fred.

   Ei framtid for kvarandre,
eit ansvar og ein veg.
Vi kjenner dine hender
og kviler våre der.
I løftet er vår framtid,
i løftet er vi eitt.
Og frå ditt andlet skin eit lys
mot bøna som vi bed,
om ditt nærvær og din fred.

Eit ord frå våre lepper,
to ja som blir til eitt,
og hender som finn saman
i alvor og i leik,
i lyset frå din kjærleik
 og alt som er av deg.
Og i ditt andlet er eit svar
for oss og for vår veg,
i din herlegdom og fred.

Kristin Reitan
2006


Komponist
Harald Gullichsen
2006


Opptak av koret
Canite i Vågøy kyrkje
i Møre og Romsdal
3.juni 2017

Dirigent 
og ved pianoet:

Gunn Sissel Bakken Håseth

Noten er til salgs i boka
til kantor og komponist
Harald Gullichsen:

"Vi synger med Maria"
 
Kan bestilles på 
www.norskmusikforlag.no

| Svar

Nyeste kommentarer

24.10 | 09:14

Jeg liker salmen «Kvite klede».

15.08 | 04:11

Denne traff meg, Kristin.
Sterk og god tekst, nyydelig melodi.

18.08 | 23:11

Takk! Så kjekt å høre fra deg, fra tiden på Fjellhaug. Vi snakkes i meldinger vi.

24.02 | 23:09

Husker du meg, Kristin? Trondheim/Betania. Fjellhaug studentlinjen 78/79.