"Sjå, mørker dekkjer jorda,
og det ligg bekmørker 
over folka." 

"Folkeslag skal gå 
mot ditt lys."

Jes 60



Folkeslag


1

Folkeslag har du forma,
fullendt i skaparglød.
Viser oss himmelfargar,
hud som av jord og snø.
Bilete av din tanke,
avtrykk av dine ord.
Grenselaus guddomsgåve:
du bed oss til same bord.

2

Skilnad og hat må vike,
jorda blir ung og ny.
Vi er eit evig rike,
eitt i den fred du byd.
Syng til kvart språk på jorda.
Syng om den tomme grav.
Et av det same brødet
og smak på den vin han gav.

3

Rike og land er teikna.
Stammar av alle slag
skimtar det nye riket,
jorda står opp til dag.
Tunger av eld har kome.
Anden skal vera tolk.
Brus frå ein evig lovsong
i songen frå alle folk.

4

Sank av den gode frukta,
kjenn på den nye smak.
Himmelens rop skal lyde,
jorda blir ny ein dag.
Syng til kvar folkevrimmel.
Syng frå kvart folkeslag.
Jorda skal formast om att
av lys frå den tomme grav.


Tekst
Kristin Reitan
2004

Melodi
Eilert Tøsse
2006




"Og eg såg
ein ny himmel
og ei ny jord.

For den første himmelen
og den første jorda
hadde kvorve bort,
og havet er ikkje meir.

Og eg såg den heilage byen,
det nye Jerusalem,
stiga ned frå himmelen,
frå Gud,
gjort i stand .."

Openb 21.


"Byen treng ikkje lys frå sola
eller månen.
For Guds herlegdom 
lyser i byen,
og Lammet er lyset i han.

Folkeslaga
skal vandra i lyset
i byen,

og kongane på jorda
ber herlegdomen sin
inn i han."

"Portane hans 
skal aldri bli stengde
om dagen,
for natt skal ikkje vera der.

Herlegdomen 
og æra åt folkeslaga
skal dei bera inn i han.

Og ikkje noko ureint
skal koma inn i byen,
og ingen som fer med
styggedom og løgn,
men berre dei 

 som er skrivne
i livsens bok hjå Lammet"

Og han synte meg
ei elv med livsens vatn,
klår som krystall,
som strøymde ut 
frå trona 
åt Gud og Lammet,
midt i bygata.

På begge sidene av elva
stod livsens tre,
som ber frukt
kvar månad.

Og blada på treet
tener til helse for
folkeslaga."


Frå Openberringa 
21 og 22.


Halleluja!





| Svar

Nyeste kommentarer

24.10 | 09:14

Jeg liker salmen «Kvite klede».

15.08 | 04:11

Denne traff meg, Kristin.
Sterk og god tekst, nyydelig melodi.

18.08 | 23:11

Takk! Så kjekt å høre fra deg, fra tiden på Fjellhaug. Vi snakkes i meldinger vi.

24.02 | 23:09

Husker du meg, Kristin? Trondheim/Betania. Fjellhaug studentlinjen 78/79.