JESUS:

"For eg har lyst til kjærleik."
Hosea 6.6


"... tru, 
 håp og kjærleik.
Men den største av dei er
  kjærleiken."
1.Kor. 13



Gud har lyst til kjærleik.
Jesus har vist den. 
Hans fryd er 
å ause ut denne kjærleiken 
 i oss og mellom oss.



BILETE


Bilete av Guds vesen,
avglans av herlegdom,
Jesus er her og gjev oss
fylde i våre rom.
Frikjend frå våre synder,
reinsa ved Jesu kross.
Difor kan Anden koma.
Slik er han eitt med oss.

2

Bilete av Guds tanke,
avglans av han som er.
Anden er i vårt hjarte,
han har sin bustad her.
Vi som er bygd av leire,
veike og vrange kar,
vi får hans eigen kjærleik,
den som hans Ande har.

3

Bilete av hans kjærleik
teikna som eld i meg,
ved at hans eige hjarte
brast for å opna veg.
Jesus har send sin Ande
slik at vi kan få sjå
glimt av den gode kjærleik
som han kan gje oss då.

Kristin Reitan
21.-29.juni 2016



JESUS:

er eit bilete 
av Gud.

Har vi sett han,
har vi sett Gud.


Vi ser han
som ser oss.

Hans ord
gjev dette synet
i Bibelen.

Det Bibelen kallar
tru.

Sæle er dei som trur
om dei ikkje ser han
med sine augo,
sa Jesus.

Vi ser og kjenner han
i våre hjarte.

Bibelen kallar det å sjå
med hjartets augo.



JESUS:

"Han er avglansen
av Guds herlegdom."

Og han er 

 "bilete av
hans vesen."

Hebr 1.3.


Og, ikkje nok med
at han som er kjærleik,
frelste oss til
eit evig liv.

Jesu frelse
gjev oss også kjærleiken.

Han auser den ut
i oss.

Vi truande 
har fått  denne kjærleiken.

Så godt det er å merke
dette hos dei vi møter.

Men samstundes ..

vi er langt i frå 
fullkomne.

Vi fell i tankane våre,
i orda vi seier og i det vi gjer.

For
 vi har óg 
 eit kjøt som strir imot
kjærleiken.

Det merkar vi godt.
Og det gjev smerte.

Vi ser oss ikkje som
gode og reine.

Difor treng vi den daglege
tilgjevinga

både frå Gud 
og menneske.


Guds frelse
er Jesus åleine.

Hans soning
for våre synder,

Ikkje det vi kan sjå
og føle på i oss sjølve,
men noko vi har i han.

Og vi som har fått
denne frelsa

vi vil jage etter 
hans kjærleik.

Vi vil det.

Viljen har vi,
men vårt kjøt er
skrøpeleg.

Vi treng Anden.

Vi treng Jesu kross.


Gud auser ut sin Ande i oss
ved sitt ord i Bibelen.

Der talar han
krafta og livet
inn i oss.

Som mat gjev føde
for kroppen vår,
gjev orda hans føde
i vår ånd.

Han gjev kjærleiken
ved sine ord.

Det Gud vil,
er å gje oss liv og samfunn
med seg sjølv.

Han vil frelse.

Han skaper
noko nytt.

Vår kropp kan vi reparere
til ein viss grad.

Men vår ånd er så djupt fallen
at vi må bli fødde på nytt.

Den fødselen får vi ved
Jesu nåde.

Og som tilgjevne
ved hans nåde,
kjem Jesu eigen Ande 
 inn i oss.

Vi får eit nytt sinn
ved at den heilage Ande
flyttar inn i oss.

Vi får del i Jesu død
til tilgjeving,

og hans oppstode
til eit nytt liv.

Her og no.

Det er dette 
 nye livet
som ber Jesu kjærleik
i seg.



.........




KJÆRLEIKEN:


Etter at Paulus har ramsa opp
dei ulike nådegåvene, 

skriv han om noko
som er mykje betre 
 enn slike gåver.


Han skriv om
"ein mykje betre veg"
og held fram slik:


Om eg talar med
mennesketunger
og engletunger,

men ikkje har kjærleik,

er eg blitt 
ein lydande malm

eller
ei klingande bjelle.



Og om eg har profetisk gåve
og forstår alle løyndomar

og har all kunnskap,

om eg har tru,
så eg kan flytte fjell,

men ikkje har 
kjærleik,

er eg
ingenting.




Og om eg gir bort alt 
det eg eig,

til mat 
 for dei fattige,

og om eg gir kroppen min
til å brennast,

men ikkje har kjærleik,

gagnar det meg
ingenting.



Kjærleiken er
tålmodig,

han er venleg.

Kjærleiken
er ikkje misunneleg,

kjærleiken skryter ikkje,

han er ikkje oppblåst.

Han oppfører seg ikkje
umoralsk,

søkjer ikkje sitt eige,

lar seg ikkje opphisse,

tenkjer ikkje ut
noko vondt.

Han gler seg ikkje
ved urett,

men gler seg i
sanninga.

Han tåler alt,
håper alt,
held ut alt.

Kjærleiken fell aldri bort.

Men om det er profetiske gåver,
så skal dei ta slutt.

Om det er tunger,
skal dei opphøre.

Om det er kunnskap,
skal han bli borte.

For vi kjenner
stykkevis,

og vi talar profetisk
stykkevis.

Men når det fullkomne kjem,
da skal det
som er stykkevis
ta slutt.

Men da eg var barn,
tala eg som eit barn,

og eg forstod som 
 eit barn

og tenkte
som eit barn.

Men da eg blei mann,
la eg av
det barnslege.




For no
ser vi som i eit speil,

i ei gåte,

men da skal vi sjå
ansikt til ansikt.




No kjenner eg
stykkevis,

men da skal eg kjenne
slik som eg også fullt ut
er kjent.




Så blir dei ståande,
desse tre:

tru,
håp og
 kjærleik.

Men den største
av dei er

kjærleiken.


Jag etter kjærleiken."


Frå 1.Kor 12.31 ff.




"Da vi altså er blitt
rettferdiggjort av tru,

(i motsetning til gjerningar .. )

har vi fred med Gud
ved vår Herre Jesus Kristus.

Ved han

har vi også ved trua
fått adgang

til denne nåden
vi står i,

og vi rosar oss
ved håpet
om Guds herlegdom.



Og ikkje berre det,
men vi rosar oss også
av våre trengsler,

for vi veit
at trengselen

verkar tålmod,

tålmodet
verkar

eit prøvd sinn,

og det prøvede
sinnet

verkar håp.

Og håpet
gjer ikkje til skamme,


for Guds kjærleik
er utaust i hjerta våre
ved Den Heilage Ande

som blei gitt oss.


For då vi ennå
var skrøpelege,

døydde Kristus
til fastsett tid

for ugudelege."




"Gud
viser oss kjærleiken sin
ved at Kristus døydde
for oss

mens vi ennå
var syndarar."


Frå Rom 5.




1.Kor 1.30 ff:

"Men det er av han
at de er i Kristus Jesus,

han
som for oss

blei visdom frå Gud

og 
 rettferd

og 
 helging

og
utløysing,

for at,
som det er skrive:

Den som rosar seg,
skal rose seg
i Herren.


Og eg brør,
da eg kom til dykk,

kom eg ikkje med 
imponerande talekunst

eller visdom

og forkynte
 Guds vitnesbyrd for dykk.

For eg var fast bestemt på
at eg ikkje ville vite noko
mellom dykk

utan Jesus Kristus
og han korsfesta.

Eg var hos dykk
i skrøpelegdom,

i frykt og stor uro.

Og talen min
og forkynninga mi

var ikkje
med overtalande ord
frå menneskeleg visdom,

men med bevis
av Ande og kraft,

for at trua dykkar
ikkje skulle vera grunna på
menneska sin visdom,

men på
Guds kraft."



Joh 6.36:


"Det er Anden som gir liv.

kjøtet gagnar
ingenting.

Dei orda
som eg talar til dykk,
er ånd 

og er liv."




Og når vi får Guds Ande,
Den Heilage Ande,

Jesu Ande,

alle desse orda
brukar Bibelen
om Anden,

når vi får han,
skjer det noko nytt
i oss.



Desse orda
ropa Jesus ut:


"Om nokon 
 tørstar,

han kome til meg
og drikke.

Den som trur
på meg,

som skrifta har sagt,

ut frå hans indre skal det
flyte straumar 
av
levande vatn".


Og så held Johannes fram
og forklarar det:

"Dette sa han
om Anden,

den dei skulle få
som trudde
på han.

For Den Heilage Ande 
var enda ikkje gjeve,

av di Jesus enda ikkje
var herleggjord."


Johannes 7.37-39.


Så kom pinsedagen.

Etter Jesu død
og oppstode
og frelsa var fullført,

kunne Anden
koma.

"Og da pinsefesten
var komen,

var dei alle samla
på same staden.

Då med eitt
kom det ein lyd
frå himmelen

som når eit sterk
stormvér fer fram,

og fylte heile huset
der dei sat.

Og det viste seg
liksom eldstungor
for dei.

Då vart dei alle fylte 
med
Den Heilage Ande,

og dei tok til å tala
i andre tunger,

alt etter som Anden 
 gav dei å tala."



* * * * * * * * * 



Då stod Peter fram
saman med dei elleve.

Han tala til dei
med høg røyst,
står det

i Apostelgj 2:


"Dette er det som er sagt
gjennom profeten Joel:

I dei siste dagar
skal det henda,
seier Gud,

at eg renner ut 
min Ande
over alt kjøt.

Sønene 
 og
døtrene dykkar

skal tala
profetiske ord."




HALLELUJA!


AMEN!







| Svar

Nyeste kommentarer

24.10 | 09:14

Jeg liker salmen «Kvite klede».

15.08 | 04:11

Denne traff meg, Kristin.
Sterk og god tekst, nyydelig melodi.

18.08 | 23:11

Takk! Så kjekt å høre fra deg, fra tiden på Fjellhaug. Vi snakkes i meldinger vi.

24.02 | 23:09

Husker du meg, Kristin? Trondheim/Betania. Fjellhaug studentlinjen 78/79.