Herren la 
sitt andlet lysa 
over deg

og vere deg 
nådig.

4.Mos 6.


1

Eg vender mine augo
mot ditt andlet
så ditt åsyn 
kan lyse over meg.
I nåden er eg elska
som det kjæraste du eig,
du gav ditt liv 
og eg har alt i deg.

2

Du vender dine augo
mot mitt andlet
og no lyser ditt åsyn 
over meg.
Det blikk som kviler 
på meg
er det kjæraste eg har
og gleda mi 
er alt eg har i deg.


Tekst
Kristin Reitan
Molde 2009

Musikk
Eilert Tøsse 2010



"Slik skal de seia
når de velsignar
Israelsborna.


Herren velsigne deg
og vare deg!

Herren la
sitt andlet lysa
over deg

og vere deg 
nådig!


Herren lyfte
sitt åsyn på deg
og gjeve deg 
fred!

Slik skal de 
leggja namnet mitt 

på Israelsborna,

så vil eg
velsigna dei."


4. Mos 6.



Å be i Jesu namn
er å be i det namnet
som gjev oss del i
 alt det som er hans.

Namnet er personen.

Vi får del i alt
det gode han gjev oss.

Hans velsigning.

Alt det Jesus 
er og har.

Når vi får del i hans nåde
ved Jesu soning
for våre synder,

kjem vi inn i hans
velsigning.

  Alt tener oss
fra da av til det gode

og er i 
 hans kjærleik.

Også det vi
 ikkje forstår,

også det som ikkje 
er lett for oss.

Alt
 tener oss til det gode.

Han lét det verke slik
at det tener oss.

Vi er i han
og han er i oss.

I han, i nåden hans 
 eig vi all Guds
signing.



 * * * * 



"Berre godleik
og miskunn

skal fylgja meg

alle mine
levedagar."


 Salme 23.6



* * * * 


"Du har vendt 
mi klage til dans
for meg.

Du løyste av meg
sørgjekleda 
mine

og har bunde 
om meg med glede."

Salme 30.



 * * * * * 



"Å, om eg ikkje trudde
at eg skulle få sjå
Herrens godhug i landet
åt dei levande!



Venta på Herren!

Ver ved godt mot,
og ditt hjarta
vera sterkt!

Ja,
venta på Herren!"

Salme 27.


Amen!

| Svar

Nyeste kommentarer

24.10 | 09:14

Jeg liker salmen «Kvite klede».

15.08 | 04:11

Denne traff meg, Kristin.
Sterk og god tekst, nyydelig melodi.

18.08 | 23:11

Takk! Så kjekt å høre fra deg, fra tiden på Fjellhaug. Vi snakkes i meldinger vi.

24.02 | 23:09

Husker du meg, Kristin? Trondheim/Betania. Fjellhaug studentlinjen 78/79.