"Herren din Gud er hjå deg,
ei kjempe som frelser.
Han frydar seg over deg 
med glede,

han teier i sin kjærleik,
han jublar over deg
med fagnadrop."

Sefanja 12.



Sjå, Gud har opna sin himmel.


1.

Sjå, Gud har opna sin himmel
og englar stig opp og stig ned.
No lever eg midt i det riket
som Jesus har kome med.
Skya har løynd min frelsar,
men hjarta mitt kviskrar hans namn.
Og englar kjem til meg som vindar
i tenande glede frå han.

2.

Ein stige når til Guds æve,
sjå, krossen som frelsaren fekk.
Ein sigrande himmel, sjå, vegen
der lysande englar gjekk.
Jakob fekk draum og løfte
med bod om den frelse som kom.
Det løynde i det som var lova
er frelse og fred ved Guds Son.

3.

Ja gåva, det er hans himmel,
usynleg, men levande nær.
Så nær meg som orda i munnen,
hans liv og hans pust er her.
Englane er i jubel
når lovsongen tonar mot han,
som kom for å dele si glede
og gje oss den himmel han vann.


Tekst
Kristin Reitan
2011

Musikk
Eilert Tøsse
2011



Bibelen 
om englar:


Han 
gjer englane sine 
til vindar,

tenarane sine 
til 
logande eld.


---


Er dei ikkje alle ånder
som tener Gud

og blir utsende
for å hjelpe dei

som skal få 
frelsa i arv.


Hebr 1.7 og 14.


| Svar

Nyeste kommentarer

24.10 | 09:14

Jeg liker salmen «Kvite klede».

15.08 | 04:11

Denne traff meg, Kristin.
Sterk og god tekst, nyydelig melodi.

18.08 | 23:11

Takk! Så kjekt å høre fra deg, fra tiden på Fjellhaug. Vi snakkes i meldinger vi.

24.02 | 23:09

Husker du meg, Kristin? Trondheim/Betania. Fjellhaug studentlinjen 78/79.